Ledig vikariat som kontorsekretær i SU

Sosialistisk Ungdom (SU) organiserer ungdom over heile landet til kamp for folkestyre, feminisme, miljø og internasjonal solidaritet. SU er Sosialistisk Venstreparti sin ungdomsorganisasjon. Vi utlyser no eit vikariat som kontorsekretær, og kan tilby eit spanande arbeidsmiljø i ein aktiv organisasjon.

Onsdag 04. januar 2012

Tips en venn   |  Utskriftsversjon   |  DelDel

Kontorsekretæren skal hovudsakleg avlasta kontorsjef med daglege arbeidsoppgåver, og vil ha eit særskilt ansvar for administrasjon av medlemsregisteret, betaling av rekningar, administrasjon av nettbutikken og oppfølging av brev, telefonar og epost til kontoret.

Kontorsekretærstillinga er ei 60 % stilling med arbeidstid etter avtale.

Vi søker ein ryddig og ansvarsfull person som kan følgje eksisterande rutinar. Erfaring frå SU eller anna organisasjonsarbeid er ein føresetnad.

Vikaren skal fylle behovet for ekstra arbeidskraft i samband med ei sjukemelding som er venta å bli langvarig.

Stillinga blir lønna i ltr. 20 i statens lønnsregulativ.

Kontakt organisasjonssekretær Aleksander Eilertsen på telefon 21 93 33 57 eller kontorsjef Bente Lien Nilsen på telefon 21 93 33 50 for meir informasjon.

Skriftleg søknad med CV sendast til post@su.no

Søknadsfrist: 13. januar 2012