I dag er vi alle AUFarar

Valden i Oslo og på Utøya er ufatteleg og tragisk. Våre tankar går til dei som opplevde vondskapen, deira pårørande og til alle som endå fryktar for sine kjære. I dag er vi alle AUFarar.

Lørdag 23. juli 2011

Tips en venn   |  Utskriftsversjon   |  DelDel

”Vi er så få i dette landet, hver en fallen er en venn og bror, ” skreiv Nordahl Grieg. Åtaka i sentrum av Oslo og på AUFs sommarleir på Utøya råkar oss alle. Tragedien er så nærme.

Difor er det også vårt felles ansvar å svare på den valden som har råka våre kameratar. I dag sørgjer vi over alle som er døde,. Vi tenkjer på alle skadde som kjempar for sine liv og på dei som står att i uvisse eller sorg.

I morgon held arbeidet med å organisere ungdom til deltaking i demokratiet fram. 

Framleis er det berre eit løfte vi gjev kvarandre.

For alle døde kameratar, ikkje eit minutts stillheit, men eit liv i kamp.

Olav Magnus Linge,
Leiar i Sosialistisk Ungdom