Mohammad- framleis i fengsel utan sikting
Mohammad Othman sitt fengslingsmøte som var satt til i dag, etter siste utsetjing, er igjen utsatt i 12 dagar. No er det viktig at ikkje saka mister merksemd!
Fredag 09. oktober 2009
Mohammad Othman si sak skulle opp i eit rettsmøte i dag. Mohammad har vore fengsla sidan 22. september, men har framleis ikkje fått vite anklagane mot han.
Rettsmøtet har vore utsett fleire gongar tidlegare antageleg for at saka skal få mindre merksemd internasjonalt enn det den fekk då det fyrst vart kjent. SU oppfordrar difor Palestina-venner om å halde oppe sitt engasjement i saka og fortsetja med boikottarbeidet.
Sosialistisk Ungdom har sidan arrestasjonen arbeida både lokalt, nasjonalt og internasjonalt for å gjera saka kjent. Mellom anna har ein hatt ei rekkje vellukka aksjonar for å samle inn underskrifter til oppropet for å få han frigjeven. No er ein nasjonal boikott-dag for å markera Mohammad si sak under planleggjing. Følg med her for oppdateringar!
RSS