Sassy i sola
Musikk: Norma Sass bestiller Munkholm og morgonbad.
Onsdag 10. juni 2009
Rødt Press 3 - 2009
Tekst: Margrete Slettebø
Norma Sass blir heidra som det mest lovande nye bandet i Noreg for tida. No gler dei seg til å spela flettene av sommarglade SU-arar på leir.
- Me håper SU-arar vil lika musikken vår og me forventar uhemma dansing, smiler Thea Glenton Raknes, vokalist i Norma Sass.
Det lovande indie pop-bandet har laga eit knippe feel-good-låter som har blitt rosa opp i skyene av både kritikarar og publikum dei siste månadene.
- Å få spela på SU sin sommarleir er kjempegøy, seier Ida Lie, bassist i bandet.
- Me veit av erfaring at på SU sin sommarleir skin alltid sola og det er god stemning, mimrar systera, Elin Lie, som speler keyboard.
Systrene er gamle SU-arar og har vore på leir før, men aldri som hovudattraksjon.
- Me kunne ynskt at me kunne vera der under heile leiren, men me har ein anna spelejobb i Kvinherad dagen før, fortel bandmedlemmane.
MUSIKALSK PUSTEROM
Glenton Raknes håper i alle fall at dei får tatt seg eit morgonbad på Risøya og ein avkjølande Munkholm etter konserten. Sjølv om fleire av jentene liker godt å spela for engasjert og politisk ungdom har dei eit mål om å nå ut til mange med musikken sin, og at bandet ikkje skal bli oppfatta som partipolitisk.
- Likevel, eg trur ikkje eg kunne spelt på FpU sin sommarleir, seier Elin.
- Vel, kvifor ikkje? Det er viktig for oss at ulike folk skal lika musikken vår. Det skal vera eit rom for tolking når ein høyrer musikk, seier gitarist, Susanne Benjaminsen.
- På leir vil me i alle fall gjeva folk eit musikalsk pusterom, legg Glenton Raknes til.
NOREGSTURNÉ
Det er mange som har sett pris på det Norma Sass har levert den siste tida. Snøballen byrja for alvor å rulla då dei blei booka til Øya-festivalen i sommar. Det er ein sann draum å få spela på festivalen der dei før har jobba som frivillig mannskap. Då dei i februar vann P3 sin Zoom Urørt-konkurranse blei Norma Sass for alvor plassert på kartet i Musikk-Noreg.
- Same kveld som me vann konkurransen byrja ein planlegginga av ein noregsturné frå Grimstad til Alta, med i alt 16 stoppestader, fortel Elin Lie. Det var dette som var den etterlengta premien.
- Å ha sin eigen nightliner (turnébuss), med privatsjåfør og ferdigbestilte konsertar var veldig kult, fortel Glenton Raknes.
- Det var fantastisk morosamt å få respons på musikken vår, legg trommis, Ingrid Berge, til.
- Me har pludra med musikken så lenge at suksessen har teke oss litt på senga, fortset Benjaminsen.
EP TIL HAUSTEN
Sjølv om jentene øver jamt og trutt på låtmaterialet, går no også tida med på å fiksa praktiske ting. Dei har fått eit bookingfirma til å organisera bookingane. Resten må bandet gjera sjølv. Jentene fortel mellom anna om logistiske utfordringar knytt til sommarturné med privatbil og overnattingar på flatseng.
Til hausten kjem bandet ut med sin fyrste ep, og cd-coveret har trommis Ingrid Aarvik Berge laga sjølv.
- Det blir kjekt å ha eit produkt i hendene som er berre vårt, seier Benjaminsen.
Det er også tydeleg at Norma Sass består av teamarbeid.
- Eg trur me har ein veldig demokratisk prosess i forhold til andre band, til dømes når me lagar nye låter, seier Ida Lie.
- Som oftast byrjar vi med at nokon får ein god idé til meloditema og så utviklar me det vidare saman. Alle lagar musikken for sitt instrument og så lagar eg songmelodien og teksten, fortset Glenton Raknes.
Sjølv om jentebandet har vore gjennom ei lang rekkje intense arbeidsperiodar i det siste, har dei ikkje mista humøret eller samhaldet.
- Å spela inn plate i Trondheim var skikkelig bra, seier Berge.
- Ja, samtykkjer Glenton Raknes, etter turneen med mykje publikum og crew rundt oss, var det flott å ha fire dagar med berre oss fem i bandet og ep-innspelinga.
- Og så vart me heilt forelska i Trondheim, og den vesle baren Ramp, fortel Ida Lie.
Sjølv om jentene er studentar på kvar sine felt er dei alle samde om å satsa på bandet og sjå kor langt det ber. Og bandnamnet meiner dei skildrar bra det dei ynskjer å framstå som. Norma Sass er for oss eit kvinnenamn som både er fint og tøft, fortel bandet.
- Det viser tæl og så er det sassy.
--- --- ---

