Dette finn me oss ikkje i!

Søskna Abbas og Fozia sit i dag i kyrkjeasyl etter å ha budd 20 år i Noreg. Dette finn me oss ikkje i. Ver med på demonstrasjon den 8. juni kl. 17.00.

Mandag 08. juni 2009

Tips en venn   |  Utskriftsversjon   |  DelDel

Myndighetene har bestemt seg for å trekkja tilbake opphaldsløyvet til dei to norskpakistanske ungdommane Abbas og Fozia Butt.

Bakgrunnen er eit tre års opphald i Pakistan tidlig på 90-tallet, som borna då ikkje hadde innflytelse over. Etter å ha vunne fleire rundar i rettssystemet har dei no fått endeleg avslag frå myndigheitene. Dei sit difor no i kyrkjeasyl. Abbas og Fozia er norske, har gått på norsk skule og kjenner seg norske. Å kaste dei ut er brutalt og fullstendig inhumant.

Sosialistisk Ungdom er difor med og demonstrerer for at ungdommane skal få bli, kl. 17.00 den 8. juni.