Nye strategiar mot palestinsk motstand
Nyhendebrev frå Palestina: Over 200 palestinarar og internasjonale aktivistar møtte beleiringar, vald og alvorlege trusslar då dei møttest i den vesle landsbyen Jayyous, nord på Vestbredda i helga for å demonstrera mot apartheidmuren.
Tirsdag 18. november 2008
Israelske soldatar i åtte militærjeepar kom inn i landsbyen før demonstrasjonen. Dei ville sperra vegen, slik at demonstrantar ikkje ville nå muren. Omlag halvparten av demonstrantane kom seg gjennom den fyrste vegsperringa, men vart effektivt stoppa av soldatar som trua med vald om demonstrantane våga seg vidare. Soldatane prøvde også å arrestera fleire menneske utan grunn og jaga dei tilbake mot landsbyen med ladde våpen og batongar.
Okkupasjonsstyrkane gjekk spesielt mot barna i Jayyous og kom med truslar når om at dei ville komma tilbake om natta, når den internasjonale solidaritetsrørsla var reist, for å læra barna ei lekse.. Dei skremte også barna som ikkje skulle i demonstrasjon, men som var på veg til skulen.
Demonstrasjonen fann stad som ein protest mot avgjerda til israelsk høgsterett om å leggja om murens trasé i Jayyous. I fylgje Stop the Wall er avgjerda berre eit forsøk på å undergrava avgjerda til internasjonale menneskerettsdomstolen i Haag og legitimera meir landkonfiskering og stjeling av fleire oliventre. "Den marginale tilbaketrekkinga av Apartheidmuren sine grenser er ein klar splitt og hersk-strategi frå Israelsk side. Jayyous på si side blir straffa for den forente motstanden mot okkupasjonsmakta".
For meir informasjon: Mohammad Othman, Stop the Wall. www.stopthewall.org

