116 drepne i Gaza på seks dagar
I dag, tysdag har israelske styrkar trekt ut bakkestyrkane frå Gaza. 116 palestinske menneskeliv er gått tapt frå angrepet byrja onsdag i fylgje Al Jazeera. Ein tredjedel av desse er barn. 320 menneske er skadd. Sju israelske soldatar er drepne i det same tidsrommet.
Mandag 03. mars 2008
Livredd for å gå ut av huset
Sosialistisk Ungdom snakka på telefon med ein journalist busett i Gaza i går. Han kunne då rapportera om 55 dødsfall berre det siste døgeret. Dei fleste menneska i Gaza held seg i ro og beveger seg minst mogleg rundt i gatene.
”Israelske soldatar skyt på alt som rører seg”, seier journalisten, tydeleg bevega.
”Saman med sonen min prøver eg likevel å hjelpe dei såra og skadde og transportera dei til sjukehus. Det er dessutan stor mangel på blod, så vi prøver å få folk til å gå og gje blod, seier Naser.
”Me prøver også å organisering vern for dei som risikerer at husa deira vert tekne i luftangrep. Fleire hundre menneske sit på taket av huset for å hindra flya frå å sleppe bomber akkurat her”, fortell Naser.
Heile familiar drepne
Nokre stader er heile familiar drept i luftangrep. Naser prøver å dokumentera og samla så mykje informasjon han klarer om drepte og såra.
Eg har namna på alle martyrane drept det siste døgeret. Mellom anna familien Attalah på sju vart angrepe i eige hus. Berre eit av borna overlevde.
Ein familie eg kjente vart drepen av soldatar i sivile klede som kom seg inn i Gaza. Nokre vert drepne fordi dei er i familie med, eller er affiliert med Hamasmedlemmar, andre er representantar for departement og byråkratiske organ, fortel journalisten.
Den humanitære situasjonen er også dramatisk på andre måtar. Elektrisitet har ein kun tilgang til to timar per dag.
”Då bruker vi støpsla til å lade mobil og sjå på nyhenter på TV for å oppdatera oss på kva som skjer. Det er dessutan byrja å bli mat og vassmangel på store delar av Gaza-stripa”, seier ein redd og bekymra Naser.
Fare for opptrapping
Når Israel no har erklært tilbaketrekking av bakkestyrkar håpar ein at det vil bety også ein stans i dei mange luftangrepa. Det er likevel ikkje mange som trur på at nedtrappinga vil vara. Hamas seier på si side at dei vil forsetta med rakettangrep mot Israel til Israel avsluttar sine angrep på sivilbefolkninga på Vestbredda og i Gaza. Israels statsminister, Ehud Olmert, seier på si side, at ei opptrapping av angrepa i Gaza kan bli aktuelt om ikkje Hamas sluttar å senda rakettar mot Israel.

