- Vil ikkje ha det som i Sovjet

EUs datalagringsdirektiv er eit angrep på personvernet. Sosialistisk Ungdoms landsstyre krev at Stortinget legg ned veto mot auka overvakning. Vi vil ikkje ha det som i Sovjet.

Mandag 18. februar 2008

Tips en venn   |  Utskriftsversjon   |  DelDel

EU  ynskjer med direktiv 24, det såkalla «datalagringsdirektivet», å lagra informasjon om kven du snakkar med i telefonen eller sender SMS til, når du gjer det, kor lenge du gjer det og kvar du er når du gjer det. Seinare vil dei utvida det til å òg gjelde Internett-kommunikasjon. Denne informasjonen vil dei lagra i minimum to år. Dette bryt med prinsippet om anonymitet, ein av dei verkeleg store verdiane for det sivile internett, og her ser vi ein fundamental brest i direktivet.

Fram til no har det vore slik at politiet har kunne fått utlevert slik informasjon frå teleselskapa om det foreligg tilstrekkeleg mistanke, men med dette direktivet vil overvakninga gjelde oss alle. Dette inneber mistenkeleggjering av kvar einaste nordmann. SU ser på retten til å vere uskuldig inntil det motsette er prova som grunnleggjande for ein rettsstat, og meinar direktivet bryt med nett dette prinsippet. Det bryt også med prinsippet om at tiltak mot kriminalitet skal vere mest mogleg målretta.

Sosialistisk Ungdom ser på fridomen som det viktigste me har, og nektar å byta han bort mot illusjonar om tryggleik. SU ser også med særs stor skepsis på kva retning direktivet peikar ut for framtidige vedtak. Utviklinga går heilt klart i feil retning, og det akseptarar me ikkje.

Sosialistisk Ungdom meiner at Noreg skal bruke si sjølvstende til å sei nei til Brüssel i denne saka. SU  ser på Datalagringsdirektivet som eit angrep på personvernet, og eit skritt mot eit samfunn me ikkje vil ha. SU krev difor at Stortinget bruker reservasjonsretten i EØS avtalen og legg ned veto mot implementering av datalagringsdirektivet. Vi vil ikkje ha det som i Sovjet

Vedteke av landsstyret i Sosialistisk Ungdom, 16. - 17. februar 2008